Saman med kyrkjene i Norge arbeider Kirkens Nødhjelp med akutt bistand i katastrofar, og med langsiktige prosjekt for å redusere fattigdom og naud i verda. Kirkens Nødhjelp sin Fasteaksjon, «Håp i en dråpe vann», går av stabelen i tida søndag 26. til tysdag 28. mars. .
Fasteaksjonen er ein del av konfirmasjonsundervisninga. Søndag 26. mars arrangerer kyrkjene i Stord «Fasteaksjonsdag» for årets konfirmantar og for foreldre/føresette. Gjennom dagen blir det informasjon om Fasteaksjonen, ulike aktivitetar, sponsorløp og grilling. Kl. 17.30 er alle invitert til Fasteaksjonsgudsteneste i Nysæter kyrkje, som konfirmantar, frivillige og tilsette deltek i. Etterpå får konfirmantane utdelt bøsser. Ta godt i mot konfirmantane når dei kjem på døra, oppmodar Stord kyrkjekontor. !