Ønskjer fleire  «offentlege» grillar!

I friområdet Vikasanden på Huglo er det rigga til med både «rasteplassbord» og storgrill. (Foto: Steinar Hystad)

Mellom  e-postar  til Stord kommune, kom eit  «oppmodingsspørsmål» frå innbyggjar som spurde om det kunne laga seg med offentlege utplasserte fellesgrillar. Det vart vist til friområde der grillar kunne vera eit godt  plussinnslag. No har  innbyggjaren fått svar  frå  den kommunale rådgjevar innan idrett- og friluftsliv, Sylve Rusten. Han takkar for innspelet, og skriv:

«Det er Friluftsrådet Vest som driftar dei omtala friområda for Stord kommune. Eg har sendt dei innspelet. Vil gjera merksam på at det står to bøttegrillar i Hystadmarkjo, ein i Melkjevikjo og ein i Apalvikjo. Det er ikkje berre udelt positive erfaringar med slike større faste grillar heller. Diverre er dei utsett for ein del hærverk. om alle brukte dei slik dei skulle ville det vore enklare å initiert slike tiltak»