Kva status har Heio-veg og parkering i dag?

Kaotisk langs Kattnakkevegen på store utfartsdagar

Etter kvart kanskje den saka som har vore lengst drøfta utan at noko større praktisk er gjort i lendet – trass i at semja om at noko burde vore gjort er ganske så stor.  Det gjeld  Kattnakkevegen – vegen som skal betra tilkomsten til Heio. Publikumsønskja om tryggare ferdsle opp og ned gjennom Hestafossjuvet  og det å kunna parkera med skikk på Øvra Heio – har stått ved laga hjå stordabuen i fleire generasjonar.

Via innmelde spørsmål, løftar  Geir Angeltveit Heio-tilkomsten til ny debatt i  Stord kommunestyre  30. mars.  Venstre-representanten viser til at Skigruppa tok eit initiativ i 2014, og følgde sjølv opp og fekk utarbeidd ein forstudie. Kommunen tok deler av  studien inn i  kommunedelplanen for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv for perioden 2015-2025.

Sitat:

«Tilkomsten til Heio  må av tryggleiksgrunnar få avlasting eller utviding. Vegen frå  Fjellstova, både mot parkeringsplassen for lysløypa og mot Lundarstøl må utvidast, også det av tryggleiksgrunnar»

Det kom litt vitalitet i saka etter forstudien for ni år sidan, men siste tida har det diverre vore ein pause i framdrifta grunna  kommunale og politiske prioriteringar, skriv Angeltveit,  som vil har svar på tre spørsmål:

  1. Kva status har prosjektet i kommunen i dag. Er det konkrete planar for oppstart og framdrift?
  2. Vil kommunen etterleva sin eigen plan for idrett og friluftsliv for 2015-2025?
  3. Kan kommunen nytta høvet no når det er maskinar og entreprenør like i nærleiken, ved kraftstasjonen?