Kommunestyremedlem John F. Tonnesen frå Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) stilte i e-post til administrasjonen i Rådhuset spørsmål om kommunen passa på å få innspel også frå born og ungdom i arbeidet med ny arealplan? Lovverket set krav til at så skal skje.
– Det blir arbeidd etter lova, svarar kommunen:
«Det er gjennomført eit medverknadspilotprosjekt «Barn og unge si medverknad i kommunale planprosessar». I prosjektet fekk barna opplæring i planarbeid/medverknad, og dei gav innspel gjennom visuell kunst, teater, gaming, podcast, film og dans. Prosjektet og innspela som kom inn er omtala på kommunen sine heimesider.
I veke 7 var det ByLab i kulturhuset måndag – torsdag klokka 09-19. Klikk her for meir informasjon. ByLab er ein møteplass for presentasjon, dialog, innspel og diskusjonar, der hadde me dei digitale innspela frå pilotprosjektet på stor skjerm og utstilling av den visuelle kunsten, i tillegg til kart. Mange barn og unge var innom ByLab-en, særleg trakk filmen laga i dataspelet minecraft til seg barn og unge. Ungdomsrådet har også vore involvert. Underteikna var tilstades i møte med ungdomsrådet 06. mars 2023, og ungdomsrådet har gitt sine innspel.