Ei god trøyst i kvasse vindkast og glatte parti, er at kalenderen har ein gild merkedag å by på alt komande måndag. Den 20. er årets vårjamndøger – Døgeret når det er like lenge mørkt som det er lyst (og omvendt). Deretter går det mot enno lysare tider, og kanskje blir det nokre grader mildare i luftdraget etterkvart?