Kva med varmekablane?

Varme varmekablar kunne gjort det isfritt i gata. (Foto: Steinar Hystad)

Eit rimeleg tjukt  lag glattpolert snøis dekka store deler av Borggata  på føremiddagen torsdag.  Dei som friskt trødde utpå, innsåg snart at dei måtte ferdast med største varsemd for å  halda seg i oppreist balanse.  Dette skjedde altså ei god veke etter det overraskande  store snøfallet 8. mars.

Då stordront.no passerte eit par karar i samtale utfor Helseparken, vart det hinta mot  snøisen og reist spørsmålet om varmekablane som blei lagt under brusteinane seint på 1980-talet.

– Kva med kablane, virkar dei ikkje lenger, vart det spurt?