Stord formannskap gir Gamle Fengselet Kulturhotell AS løyve til skjenking av alkohol gruppe 1, 2 og 3, med 20 års aldersgrense på nytt utvida uteområde. Skjenkeløyvet gjeld frå 01. mai til 30. august, er knytt skjenkeareal ute (500 m2) og for skjenking av inntil 400 gjester. Løyvet gjeld til 30.09.2024.Løyvet er knytt til Hanne Almås Salomonsen som skjenkestyrar og Asle Ragnar Dahl som reserveskjenkestyrar.
I vedtaket er teke inn særskilde retningsliner for opnings- og skjenketider :
– Grunna utearealet si plassering i tettbygd bustadområde, vert det gjeve eit avgrensa skjenkeløyve til skjenking på dag- og kveldstid fram til seinast kl. 23:00.