Det ruva godt på Vikafle, det 175 meter lange lasteskipet «Paleisgracht», med Amsterdam som heimehamn. Stord Hamnekontor kan opplysa at skipet blir liggjande på fle nokre dagar i påventa av å gå til Eldøyane for å ta om bord last frå Stord Base. «Paleisgracht» kom direkte frå utlandet, og vart onsdag føremiddag klarert av den norske tolletaten.