Temamøte med Harald Johan Sandvik

Harald Johan Sandvik har skrive bok om faren Johannes Sandvik (Foto Hans Hauan),

Tysdag 14. mars vitja Harald Johan Sandvik Maritime Museum og fortalde historie om far sin – Johannes Sandvik. I boka « Motstandsmann og medmenneske» har Sandvik skildra hendingar faren opplevde som aktiv i heimefronten og som «mangesyslar» etter krigen.

Johannes Sandvik var aktiv motstandsmann og utførte mange illegale operasjonar, men vart til slutt teken av tyskarane. I boka er det teke med tekstar han notert ned. Mellon anna tida i Bergen Kretsfengsel, via Ulven leir og Espeland fangeleir til konsentrasjonsleiren Sachsenhausen, og ikkje minst turen tilbake til Noreg.

Etter krigen vart Johannes Sandvik godt kjent som ferjeekspeditør i Sandvikvåg, i tillegg var han motorbåtførar, entreprenør, småbrukar, kjøpmann, postopnar.

Johannes Sandvik var eit godt medmenneske, han var sterk i gudstrua. Vart av mange medfangar takka for sine gode og trøystande ord under fangenskapet.

Boka er ei påminning om at me aldri må ta fridomen og demokratiet som sjølvsagde verdiar i samfunnet vårt! Ein historie verd å lesa!

G.B.