Då me tok ski-bussen til fjells

Skibussen gjekk søndag  morgon frå Leirvik till Fjellstova. Me er her attende på 1960-talet. (Foto/Video: Tor Resser)

Var stordafjellet kledd i kvitt og det teikna til å bli godt vèr  i helga, var det fast takst at HSD Bilane sette inn ei lita lysing i fredagsutgåva av Sunnhordland: «Buss til fjells søndag, med avgang Leirvik 9.30 og heimatt 14.30.»

Her er me til bake  i tid til 1960-åra, den gongen bussen nordover hadde stoppestad i Borggata framfor butikken til Langeland (Brilleriet i dagens Helsepark). Skibussen var eit populært og mykje nytta tilbod. 

I «resserarkivet» på «you tube»  har  Tor Resser  lagt ut ein høgst interessant film som viser både skibussar og ein frisk tur oppover til eldoradoet i Kvelve. Der hadde røde kors ei hytte kor det blei bode på varmt å drikka. Dette var ei stund før det kom veg til Heio, oppfarten gjekk på vestsida frå Kyviksetera opp mot Fossabrekko.

Stordront.no takkar Resser som tek oss med på denne levande reisa attende i lokalsoga.