– Blir stordborn inkludert i planarbeidet?

Korleis skal areala i kommunen nyttast i framtida: Ny arealplan skal gje svar. Her frå Lundarstøl ein gild vinterdag. (Foto; Privat)

– Eg les på kommunen sin nettstad at det har vore, og at det kjem fleire møte, der folk kan koma med innspel knytt til arealplan. Det eg ikkje ser her, er korleis  barn og unge er blitt inkludert i dette arbeidet slik det er krav om i regjeringsrundskriv T2/08.

Representanten John F. Tonnesen (MDG) innleiar eit spørsmål til komande kommunestyre  med ovanståande setningar, og held fram:

– I Skrivet står det at det er kommunen sitt ansvar: – «å organisere  planprosessen slik at synspunkter som gjelder barn som berørt part kommer fram  og at ulike grupper barn og unge selv gis anledning til å delta»

Tonnesen rundar av med spørsmålet:

– Då undrar eg på korleis Stord kommune har gjeve born og unge moglegheit til å delta i planarbeidet knytt til ny arealplan, slik rundskrivet presiserer at det skal gjerast,  i følgje lova.