Granli (91) sykla lengst

John Granli med medalje og diplom for flest kilometer. (Foto: Steinar Hystad)

Ei rekkje av bebuarar på Stord  sjukeheim har dei tre første månader av 2023 vore aktivt med på  ergometersykkelrittet  «Pedal on – Road Worlds for seniors».  Til trøinga har ein henta inspirasjon frå spesielle  program på tv-skjermane. 

Tysdag denne veka var det sosialt samvær i Hauglandstova, med  medalje- og diplomtildeling.  Då aktivitør Kjersti Muri kunngjorde at John Granli (91) tok gullet  etter å ha pedaltrødd 913 kilometer i løpet av perioden frå 12. januar til 12. mars, vart det stor applaus frå salen.

Imponerande – ikkje minst av det faktum at distansen tilsvarar 15 turar rundt  stordøy.