«Stovegubbane» spelar opp til dans i Hauglandstova tysdag klokka 1700». Ja, slik lydde den gledelege nyhendemeldinga på oppslagstavla på Stord Sjukeheim. Dei inviterte svarte med stort frammøte og «tjåkfullt» på dansegolvet frå første strofar frå orkesteret. Det gjekk i tango, vals og lett sving. Litt Elvis og litt Jim Reeves og elles taktfaste låtar frå dansen på lokalet i henfarne tider. Om alderen for somme nådde pluss minus 100, sat stega godt framleis. Dansegleda var strålande stor, både hjå pensjonerar, pårørande og tilsette på jobb.
– Me veit jo at rørsler til musikk gjer godt for alle, så ei rein dansestund var freistande å prøva. Det er første gong dette tilbodet blir prøvt, og når det blei så vellukka som dette, må det berre bli meir dans framover, seier aktivitør Kjersti Muri til stordront.no.