Nabokommunane på herlege Stordøy gjekk måndag ut med felles oppmoding til abonnentar på boshenteordninga.
Stord kommune kom med denne informasjonen:
«Brøytemannskapa våre opplever ofte at bosdunkar står i vegen for brøyting og strøing. Tekniske tenester ber difor om at de ikkje let bosdunkane stå i vegbana unødig lenge.»
Fitjar kommune sa det slik:
Hugs å ta heim bossdunken!Brøytemannskapa oppmodar alle om å ta heim bossdunken snarast mogeleg etter tøming, spesielt på dagar med mykje snøfall.