Fredag 31. mars klokka 12.00 er siste leveringsfrist for politiske parti som vil stilla liste ved kommunevalet i Stord i år. I kunngjering frå kommunen vert det understreka at dei som kjem etter fristen, vert avviste. Valet skal haldast måndag 11. september, medan det vert høve til føreåtrøysting i rådhuset frå 10. august til 8. september.
Alt på morgonkvisten 9. mars leverte Stord Sosialistisk Venstreparti liste med sine kandidatar til godkjenning hjå valstyret.
SV har i inneverande periode to av 35 plassar i Stord kommunestyre. Ved valet 2019 vart fordelinga av «sete» elles, slik: Ap 11, Frp 7, Raudt 1, Høgre 7, Sp 5, KrF 2, Venstre 1 og MDG 1.