– Ja, her bør me vippsa med glede

Tips for vipps (eller bankkonto) er å finna på plakat ved løypene. (Foto: Tipsar)

«- Etter to herlege rundar i gode spor gjennom Lysløypa søndag morgon, sender eg honnør av beste sort til  løypekøyrarane  i Stord ski.

Dei startar  maskinen så snart det har kome litt snø  slik at me trimarar berre har å smørja ski og leggja i veg.  Dette gjeld så vel i lysløypa som på Heio.  Løypekøyring og vedlikehald er ikkje gratis for ski-gruppa, og eg ser det berre som heilt   hundre prosent «okei» at me vippsar ein høvande sum som takk for jobben som blir gjort. Sjå  plakat  ved løypene.»

Til den klare oppmodinga frå skitrimaren, kan leggjast til at då budsjettet for 2023 vart vedteke på årsmøtet nyleg,   fann ein det nødvendig å auka  posten drift og vedlikehald av løypemaskin og  løyper  frå  50.000 til 100.000  kroner.

Med varsel om stadig meir snø, kan det bli ein lang sesong i dei preparerte  spora.