Tips om eigen «Vikahaugbuss» teke til orientering

Kommunen oppmodar til bruk av den store parkeringsplassen ved transport av born til/frå trening på Vikhaugane. (Foto: Steinar Hystad)

– Hei, eg har eit innspel/forslag: – Kunne kommunen organisert buss/minibuss til/frå Vikahaugane til  kringliggjande bydelar for born og unge som skal på trening? På ettermiddagane i veka køyrer mange foreldre veldig mykje att og fram korte avstandar for å levera og henta born til/frå Vikhaugane. Bussen kunne gått i tidsrommet  16-20. Er dette noko de kunne drøfta, spurde ei mor i e-post stila til Utval for oppvekst og kultur.

Protokollen frå møtet 7. mars fortel ikkje noko om eiga drøfting av innspelet, men at tipset vart teke til orientering. Med følgjande oppsummering:

– Utval for oppvekst og kultur takkar for innspelet og oppmodar føresette om å nytta den store parkeringsplassen nede på Vikahaugane, og elles bruke kollektivtilbod  i området rundt Vabakken/Vikahaugenane.