«Min salme» – Bygdefolk fortel om den salmen dei likar best

oznorCOBR

– Kva er din salme? Det er spørsmålet Stord kyrkjeakademi har stilt til ulike personar på Stord. Svara dei har gjeve dannar grunnlag for allsong- og salmekvelden dei arrangerer 16. mars i Nysæter kyrke.

I pressemeldinga står vidare å lesa:

Mange av oss har eit forhold til salmar. Dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd er viktige merkedagar i liva våre, og svært ofte blir det på desse merkedagane brukt salmar.

Salmebøker har vore viktige bøker i Noreg. Viktige for den enkelte si personlege tru, men også kulturelt, språkleg og historisk heilt fram til i dag.

Stord kyrkjeakademi ynskjer å arrangera ein allsong-/salmekveld i Nysæter kyrkje i mars. Til å velja ut salmar me skal høyra og syngja, har me altså spurt mange ulike personar på Stord. Me har også utfordra dei til å fortelja kvifor dei har valt akkurat denne salmen. Nokre vil også synga salmen sjølv!

Men aller best er allsongen – å få syngja mange i lag med den stemma ein har.

Inngongspengar: 150 kroner