Kva tid kan det bli gatefotballbane i Studalen?

Kva tid blir det løkkefotball i Studalen? Kustgrasbanen er klar til montering. (Foto: Steinar Hystad)

Frelsesarmeen har arva ein kunstgrasbane dei ønskjer å få montert i denne grusbanen, men støter på utfordringar rundt etableringa. –

Utfordringar med merknadar om trafikkavvikling (Ein ønskjer naturlegvis å gjere tilkomst til banen trygg for brukarane og følgje opp grep).

– Støymåling. (Det vert ikkje gjort støymåling på ikkje-eksisterande anlegg). Med tanke på at dette har vore ein fotballbane før, kva er grunngjevinga for at det no krevst (ny?) støymåling for å oppgradera anlegget?

Eit slikt anlegg vil vere positivt for nabolaga, skule, gatefotballen mm. Og ei positiv oppgradering samanlikna med dagens forfallne status. Korleis kan me samarbeida med Frelsesarmeen for å realisera anlegget? Ønskjer kommunen aktivitet på dette arealet eller er det øvrige utfordringar?

Dette var spørsmålet  representanten Geir Angeltveit (V)stilte til administrasjonen i møte til  Utval for oppvekst og kultur 6. mars.

Kommunen svarte med dette innlegget:

Etablering av kunstgrasbane er eit søknadspliktig tiltak etter plan- og bygningslova. Søknad vart motteke hjå oss 2. desember 2022, og det vart sendt ut eit førebels svar med nokre manglar i søknaden den 7. desember. Bygningsmynde fylgjer ordinære sakshandsamings-reglar i saka.

Når det gjeld støy vart det i førebels svar frå bygningsmynde bede om at det vart gjort greie for om gjerdet som skal brukast kring ballbingen, oppfyller krav i høve til støy til nærliggjande bustader. Avstand til næraste bustad er om lag 60 meter. Me er pålagt å sjekke ut støytilhøva i byggjesak; i denne saka brukar me Helsedirektoratet sin rettleiar for støyvurdering ved etableringa av nærmiljøanlegg.

Stord kommune v/eigedomsavdelinga signerte i september 2021 avtale med Frelsesarmeen om etablering av løkkebane på den aktuelle tomta i Studalen. Kommunen er såleis positive til tiltaket på aktuell tomt. Kommunen har også eit forvaltningsansvar etter plan- og bygningslova der me fylgjer opp relevant lovverk og handsamar saka i samsvar med delegasjon.