Etter snøbya som vart godt tre timar onsdag ettermiddag, fekk distriktet eit kvitt belegg vel 20 centimeter høgt. Ikkje eineståande for dette året, me har opplevd djupsnø i mars månad tidlegare i verda. Men vakkert kan det bli, både til skogs og fjells og i dei meir urbane strok. Det viser bileta Ida Koppang vart inspirert til å senda til tips@stordront.no etter ein kveldsrunde på Vikjo onsdag. Reine idyllar – for ei stund.