Tolkar Duke Ellingtons «Sacred Concert»

Helga etter påske, den 15. og 16. april, kjem Breibandet Bigband og Stordkoret saman i Fitjar og Stord kyrkjer for å gi sin versjon av jazzpianisten Duke Ellington sin «Sacred Concert». Musikken, som er ein fusjon av liturgi og jazz, vart komponert av «The Duke» for ei rekke kyrkjekonsertar i USA på 60-talet.

Kombinasjon av jazz og kyrkjekor som garantert er verd å få med seg. Hald av datoane – i alle fall minst ein av dei!

Billettar er i sal på www.stord.kulturhus.no og i døra.

  • Laurdag 15. april, kl 18:00 – Fitjar kyrkje
  • Sundag 16. april, kl. 17:00 – Stord kyrkje
  • Sundag 16. april, kl. 20:00 – Stord kyrkje