Verneverdige Udlabuo

Er verna i kommunale planar – og skal tilbakeførast til fordums prakt – om mogleg. (Foto: Steinar Hystad)

– Me leika mykje der og mellom gjeremåla våre var diverse sjølvkomponerte teateroppsettingar. Eg har gode minne frå aktiviteten i Udlabuo, fortel ein av dei som hadde oppvekst i Øvre del av Borggata for 60, og vel så det, år sidan.

Den kvite vesle bygningen står ved nedkøyrsla til tomten etter nyleg rivne Vindusfabrikken. Udlabuo er verna og i godkjend plan for husværebygginga til Leirvik sjø, er teke inn ein pasus om at bygget skal restaurerast og takast vare på. Ei spennande oppgåve, sidan måtten har hatt gode år i dei berande konstruksjonar.

– Men kvifor ei bu for ull så sentralt i Leirvik? Svaret har Martin Klingsheim (88), eldste son til Lars Klingsheim, som budde og dreiv manufaktur i øvre del av hovudgata i åra etter andre verdskrigen.

–  Ein del av forretningsdrifta til far var å ta imot og kjøpa opp ull frå sauehaldarar i området. Eg kan minnast at ulla, udlo på godt stordamål, vart levert i store striesekker og lagra på buo fram til vidare foredling på ullvarefabrikk søranfor.  Ullbusinessen vart driven til ut på femtitalet, fortel Martin Klingsheim på telefonen frå Belgia, der han har budd i mange tiår.