Det er i alt 20 152 registrerte søkarar med ungdomsrett til dei vidaregåande skulane i Vestland fylkeskommune. Det er om lag likt med i fjor, då søkartalet var 20 296.
Søknadsfristen til vidaregåande opplæring gjekk ut 1. mars. No presenterer avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse tala som syner førsteønska til søkarane.
Yrkesfag framleis mest populært i heile fylket. 56,5 prosent av ungdomane som søkte skuleplass på vg1 har i år yrkesfagleg studieretning som sitt primærønske. Dette er om lag på same nivå som i fjor. I inntaksområdet stor-Bergen har 50,3 prosent av ungdomane yrkesfag som primærønske.
Auke for sal, service og reiseliv. Dei yrkesfaglege utdanningsprogramma som opplever prosentvis størst auke primærsøkjarar til vg1 er sal, service og reiseliv og teknologi og industrifag.
Studiespesialiserande aukar og i popularitet med om lag 10 prosentpoeng.
Auke i søkjarar til læreplass. Det er i alt 2832 som no søkjer læreplass i Vestland fylke. 2366 av desse søkjarane har ungdomsrett. Dette er ein auke frå i fjor, då søkartalet var 2102.
Auken kan skuldast stor etterspurnad etter arbeidskraft og lærlingar, og at færre i år vel å søke påbygg til generell studiekompetanse i staden for å gå i lære, melder inntalmelder inntakskontoret i fylkeskommunen.
RED. MRK: Denne saka er henta i si heilskap frå dei fylkeskommunale heimesidene