Båtane som kom på albogane

«Teisten» for fullt fart gjennom Nuen. Hydrofoilane kom på 1960-talet.(Foto: Tor Resser)

Tysdag vart  skroget på den italienske hydrofoilbåten «Freccia Del Giglio» sett på land ved maskinverkstaden til Oma Slipp. Deler frå fartyet skal brukas til istandsetjing av «Ekspressen», som i si tid gjekk mellom Sauda og Stavanger. Italienaren er i litt ribba versjon no – men segla ein gong på innsjø i Sveits like stolt og fort som søsterskipet «Teisten» – som hadde ruta mellom Bergen og Sunnhordland.   I boka «STORD – store og litt mindre hendingar 1958 – 1969» (2006) er eit kapittel vigd nettopp denne båttypen, under tittelen «Kom på albogane»:   

– Sjå der gutt, der kjeme «Teisten» på albogane innøve Vikafle.

Denne utsegna frå replikkunstnar Jacob Nøstvåg vart fødd ei sein ettermiddagsstund på Leirvik kai i andre halvdel av 60-talet. Og Nøstvåg hadde evig rett. For i den grad det finnest menneskelege aspekt ved ein hydrofoilbåt, må det bli dei bøydde «armane» og albogane han gleid framover på etter å ha løfta kroppen over vassflata. Fort gjekk det også; halvannan time frå Leirvik til hjarta av Bergen, eller ein liten time til Haugesund via Mosterhamn.

– Hydrofoilbåtane går alt for fort, meinte ein kar frå Stord, som fint måtte forklara kva han eigentleg meinte med å hevda den slags.

– Jo, då eg reiste frå Bergen med gode gamle «Sunnhordland» og bestilte full middag som vart servert på bord med kvite dukar og oppdekking de luxe i salongen, hende det at eg kjøpte ei flaska å leska meg på attåt då båten runda Nordnespynten litt før tre. Var det meirsmak i glaset, gav tretimars turen heimover høve til påfyll. Om bord i hydrofoilen gjekk det så snart mot sør at det var med nauda eg fekk i meg ei flaska før me måtte gjera klart for avstiging på styrbord side inst på Nattrutekaien.

Samferdsletradisjonen tru, gjekk det ein heil del år frå hydrofoiltanken flaut til overflata, til båtane flaut til og frå Stord i alle retningar. Konsesjonsgrensene var så strikse at Stavangerske D/s og Sandnes D/s sine første hydrofoilar i sambandet Stavanger-Haugesund-Bergen ikkje fekk lov å gå innom Leirvik. HSD sette «Teisten» i hurtigruta mellom sunnhordlandsbygdene og Bergen. Sørover vart det snøggsamband først då fredsflagget mellom konsesjonsområda endeleg vart heist. Flaggruten, seinare også Kystbussen, er dei beste bevis på at tilfeldige strekar på eit kart ikkje treng vera til hinder for effektive og gjennomgåande rutesamband.

Sjølv om hydrofoilbåtane kunne verka litt pussige der dei tok seg fram på «albogane», var det liten grunn til å kvia seg når det galt sjødugleiken. Kraftig søraustleg vind med tilhøyrande kraftig sjø, stoppa foreksempel ikkje hydrofyken i morgonruta frå Tittelsnes til Leirvik. Var vêret i kvassaste laget, og ubehaget i salongen av verste slaget, la kapteinen båten ned «på magen» og surfa på bølgjene innover Vikafle.

Hydrofoilbåtane si tid er for lengst forbi på norskekysten. Westamaranar har tatt over passasjerfrakta.

«Freccia Del Giglio» , som skal brukast som delebåt til «Teisten» sitt søsterskip «Ekspressen» , kom til Stord tysdag. (Foto Steinar Warland)