– Jo, me kan vel seia at farkosten er bygt på ein slags «spekulasjon», sidan det først blir tenkt på sal når båten er ferdig og klar for sjøsetting.
– Me brukar elles ledige timar på slippen på denne typen prosjekt og då kan byggjetida strekkja ut. Siste åra har det vore helst travelt på vedlikehaldssektoren. Dette er den sjette arbeidsbåten frå verkstaden her, seier dagleg leiar Oddvar Oma på slippen ytst i Hamnegata på Leirvik.
Aktørar frå oppdrettsnæringa har alt meldt interesse for den nye stødige katamaranen.