Chrome Hill spelar på Stord Jazzklubb på Stord hotell laurdag 11. mars! Bandet sitt nyaste album «This is Chrome Hill» fekk strålande kritikkar i norsk og internasjonal presse. Dagsavisen skriv: «Chrome Hill har det meste!» Chrome Hill består av barytongitarist og komponist Asbjørn Lerheim, saksofonist Atle Nymo, kontrabassist Roger Arntzen og trommeslager Torstein Lofthus. Dei har sidan oppstart i 2001 gjeve ut seks album og spelt konsertar i Noreg, Sverige, Frankrike, Japan, England og Portugal.
Neste stopp på turnélista etter Stord, er Tokyo! Bandet har gjesta Japan heile fem gonger og har spelt på dei beste klubbane i Tokyo. Mørkt og mollstemt. Dette er grunnstemninga på «This is Chrome Hill». Albumet er kontrastfylt, inspirert av filmatiske og musikalske stemningar.
– Tenk Twin Peaks og Tom Waits. Liv, ljos, mørke, død, – kontrastar! Livsfasar, – ikkje ei spesiell hending, men summen av mange, skriv jazzklubben i førehandsmeldinga.