Ber om betra korrespondanse

Ønskjeleg med korresponderande buss når ferja kjem til Jektavik kl. 0930. (Foto: Steinar Hystad)

Bussen på Huglo er oppsett med korrespondanse med ferja som går frå Nordhuglo 09.10 til Jektavik. Ønskjer ein etter  tilkomst  å køyra kollektivt med buss til Leirvik, har ein to val: Venta på bussen i Jektavik, eller ta turen tur/retur Honadnes og stiga inn på  bussen frå Tysnes og Våge som har gjennomgåande rute til Leirvik og køyrer frå jektavik 09.55.  

Skyss bad tidlegare i vinter om  innspel til ruteendringar, og har fått  opprop  frå mellom andre  Huglo Bygdalag. Det vert der bede om  bussavgang frå Jektavik  09.30, når ferja  legg til kai.

– Bussruta vil vera svært lagleg for reisande som skal ærend til Leirvik  (går korresponderande retur frå Kaiterminalen 11.45) – samt for skuleborn som i nokre tilfelle startar  seinare på dag enn vanleg.  Bussruta vil også gagna dei som bur sør av Jektavik, skriv bygdalaget.