Varsla misfarging i Vadelva

Tydlege misfarge på elvavatnet (Foto: Ådlandsvassdraget fiskelag)

– Me har fått svar på kva som misfarga vatnet i  Vadeleva i området rundt brua  før Lundarstøl, seier Johannes Njøsen til stordront.no.

Midt  i førre veka vart det observert rar farge på vatnet i elva og som leiar i Ådlandsvassdraget fiskelag sende  Njøsen bilete og spørsmål til kommunen ( som byggherre) om kva årsaka kunne vera. Det vart også bede om at det tiltak måtte setjast i verk slik at eventuell ureining ikkje fekk konsekvensar for kultiveringsarbeid som går føre seg i elva. Mellom anne utsetting av ny rogn.

– Frå kommunen blir det opplyst at misfargen kjem frå steinstøv i samband med boringa av tunnel  frå Vaulane ned mot Lundsseter.  Statsforvaltaren har godkjent prosjektet og det er lagt visse føringar på  «utsleppet», slik at det ikkje skal å ut over livet i  Vadelva. Det er me nøgde med, seier Njøsen.