Til Stord tysdag – blir delebåt for «Ekspressen»

Framover blir det «draiv» i restaureringsarbeidet for Ekspressen.

Første tysdagen i mars 2023, blir ein merkedag i det langsiktige arbeidet for å få hydrofoilen  «Ekspressen» opp «på albogane» og i drift igjen.

Mange år er alt gått sidan den snøgge snøggbåten gjekk ut av ruta mellom Sauda og Stavanger, og faktisk er det alt gått  6-7 år sidan «Ekspressen» vart frakta til Oma Slipp med føremål restaurering. Mangel på deler har vore sterkt medverkande til at  arbeidet har stått litt i stampe – men no losnar det, fortel  Steinar Warland, leiar i stiftinga DSD Ekspressen.

– Me har fått tak i ein  ca 60-modell  hydrofoil frå verft i Italia, ein båt nett lik «Teisten» som var særmerkt med styrehuset midtskips. Namnet er «Freccia del Giglio», og båten vart nyleg frakta til Stavanger på trailer. Måndag blir  hydrofoilen  sett om bord på «Lysefjord» som skal til Oma Slipp for ombygging og tek  med veteranen som dekkslast, opplyser  Warland til  stordront.no.

Oddvar Oma ved var med til Italia  og gjorde fartyet klart for turen til Noreg. Han fortel til nettavisa at det om bord er mangt som skal flyttast over til «Ekspressen», og nemnet særskilt  maskin og mykje interiør  som har hulde seg godt i snart 70 år.  – Me går inn i ein spennande fase for  restaureringsprosjektet, fastslår Oma.

Det som førebels manglar, er sjølve foilane. Det er spora opp eit par  på eit museum i Japan, men det kan også vera ei løysing at det blir bygt nye på Stord.

«Lysefjord»  med si spetielle last er venta til Oma Slipp  tysdag mellom klokka  1300 og 1400.

«Freccia Del Giglio» (Foto Steinar Warland)