– Trudvangsmoget er ein mykje brukt gangveg mellom Borggata og Åsringen. Smoget munnar ut i Borggata vis a vis Dampgården. Ein må kryssa hovudgata (fylkesveg 5050) for å koma inn på fortauet ved Dampgården.
Dette skriv ein oppsitjar i området til kommunen, samstundes som det vert fremja nytt ønskje om å få til ein merka overgang for trygg gatekryssing. I røynda er dette ei gamal sak og eit prosjekt det vart jobba med på 1980-talet. Då var det tale om å trekkja Trudvangsmoget inn i det kommunale gangvegsystemet. Eitt av kommunen sine vilkår for overtaking av veg/smogansvaret, var vederlagsfri overtaking av grunnen.
Dette vart det ikkje oppnådd semje om, og sidan har planane lege på is. Ei sperre som hindrar gjennomkøyring i smoget, er montert.
Når det gjeld etablering av gangfelt over Borggata, er det ei sak som må avklarast med vegeigar, Vestland fylkeskommune.