Arbeidsløysa i Sunnhordland er betydeleg lågare

(Foto: Steinar Hystad)

I februar registrerte NAV 1 prosent heilt ledige i Sunnhordland. Det er ein nedgang på 56 heilt ledige personar i høve januar.

Talet heilt ledige er på nytt veldig lågt i Sunnhordland, og mykje lågare enn kva tilfelle er for fylket forøvrig og landet elles – som ligg på hhv. 1,8 og 1,9 %. Tala ser me i samanheng med høg aktivitet i det lokale næringslivet, og særleg industrien, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.

For månaden februar registrerer NAV i region Sunnhordland samstundes 521 utlyste stillingar.

Deler av den høge etterspurnaden er i relasjon til lærling- og sommarjobbutlysningar – og det er viktig at ungdommen i regionen no er vaken i høve moglegheiter fram i tid. Samstundes kjenner me til at fleire verksemder slit med å få tak i den rette kompetansen, seier Håvard Lægreid.