Fitjar bondelag, Stord bondelag og Huglo bondelag reagerer negativt på mottekne opplysningar om at tilsettingsprosessen for ny landbruks- og miljøsjef for kommunane på øya(ne) er utsett på ubestemt tid. Skriv underteikna leiarane i dei tre bondelaga er difor sendt politisk og administrativ leiing i Fitjar, der kontoret for langsbruk og miljø er lokalisert. Det sentrale spørsmålet dei ønskjer svar på, er kva tid det er planlagt å tilsetja ny landbruks- og miljøsjef.
Det er snakk om ei viktig stilling, for ei viktig næring:
– Landbruket er under press og omstilling for å møta nye krav. I denne situasjonen er kommunane viktige støttespelarar ved sine dyktige medarbeidarar på landbrukskontora. Dei sit med svært verdfull lokal kunnskap om landbruket i kommunane og dei har ei viktig rolle som landbruksstyresmakt, skriv bondelagsleiarane.