– Det angar av vår, vert det korrekt sagt når lukta av nyspreidd møk riv lett i nasa. Siste dagen i februar blenkte vårsola over telefrie grasbøar på Nordhuglo og det var tid for å spreia gjødsel. Det skjedde på moderne vis med traktor påmontert «blekksprut», som fekk tilførsle av det livgjevande stoffet gjennom lang slange frå kummen ved løa.