23. februar vart sak nummer 98 så langt i år, behandla og godkjent hjå Eining for byggesak, regulering og oppmåling (RBO) i Stord kommune.
Søknaden galt ferdigattest for tilbygg pumpestasjon til sentrallageret, Kjøtteinsvegen. Av andre godkjenning i februar, kan nemnast:
- Løyve igangsetting nybygg vidaregåande skule, Vikastemmo
- Løyve til tiltak – nybygg serveringslokale, kontor utleigerom, Nordhuglo
- Ferdigattest Nybygg lagerhall, Meatjønnsvegen
- Mellombels bruksløyve – seks naust, kai og flytebrygger, Skjersholmane
- Løyve til tiltak – etablering ny off. avløpsleidning og pumpestasjon, Sponavikvegen
- Ferdigattest einebustad, Øklandslio
- Ferdigattest avløpspumpestasjon, Hamnegata
- Løyve til tiltak, nybygg garasje. Rødkleiv
- Godkjenning av tiltaksplan for ureina grunn, Kjøtteinståa
- Løyve til tiltak – einebustad Bjellandsvegen
- Løyve til tiltak – ISP-gjerde, Eldøyane