For femte året på rad vert Folk i sentrum arrangert 8. – 11. juni 2023. Stord kommune saman med næringsliv, frivillige lag og organisasjonar står bak arrangementet med mål om å fremja helse, trivsel og fellesskap.
Laurdag 10. juni kl. 10-15 vert det folkefest i og rundt hamna i Leirvik sentrum. Her blir det aktivitetar og tilbod for liten og stor! Dei som ønskjer å bidra med stand, aktivitet eller anna desse dagane kan registrera seg på denne påmeldingslenka.
Aktuelle aktivitetar kan vera:
- Presentasjon av frivillig organisasjon eller organiserte aktivitetar.
- Song, musikk, dans eller andre kulturuttrykk.
- Sal av sjølvlaga produkt.
- Informasjon om helsetilbod, treningstilbod og liknande.
– Nytt denne sjansen til å visa fram det du/de driv med, og inspirer andre til å bli engasjerte. Folk i sentrum er ein aktiv og inkluderande møteplass der folk gjerne vert inviterte med i aktivitetane. For at alle skal kunna delta ynskjer me at aktivitetar så langt som mogleg skal vera gratis, skriv kommunen på «heimesida».
Frist for påmelding: 25. mai 2023