Fitjar kommune påpeika i brev til Statens Vegvesen at parkeringsplassen på sjølve ferjekaien i Sandvikvåg alt for ofte er «okkupert» av bilar som står der over tid. Det er feil bruk av desse parkeringsplassane, går det fram av svaret frå Vegvesenet.
– Her var det lagt opp til korttidspakering for henting og levering i samband med anløp av ferje. At plassen no fungerer som langtidsparkering er ikkje etter intensjonane, slik parkering har sin plass lenger oppe på ferjekaiområdet, skriv Vegvesnet – og gir følgjande lovand:
– Det er opplyst frå kommunen at det no manglar skilting på staden. Vegvesenet vil ta initiativ til at rett skilting blir etablert igjen.