To grå ordtomme pallar lente mot kvarandre. Det er per dato installasjonen som helsar velkomen til Leirvik, for trafikantane som svingar mot sentrum via Fv 544 på Vabakkjen. Pallane er plassert midt i rundkøyringa og har trona på staden lenge.
Stordront.no har sett på byvelkomsten over tid og tykkjer meir og meir det er stusslege saker. Kva med godt lesande bokstavar som seier «Velkomen til Leirvik»? (Det var vel ein gong noko slikt det vart arbeidd for å få til på Gangbrua over E39 på Heiane). Litt lenger sør i verdsdelen vår er det ganske vanleg at rundkøyringar vert pynta med gilde oppkvikkande helsingar. Så kvifor ikkje på Vabakkjen på Stord?