Solidaritetsmarkering: 1 år med motstand

I morgon er det 1 år sidan Russland invaderte Ukraina og Stord kommune vil markere dagen og heise flagget, skriv kommunen på sine nettsider.

Stord kommune vil offisielt markere dagen kl 17.00 ved rådhuset. Her vil ordførar ønskja velkomen og den ukrainske nasjonalsongen vil bli spelt. Det vil bli 1 minutts stillhet til minne og nokre av flyktningane vil tala.

Det vil også vere ei uoffisiell markering for flyktningane, i Leirvikstova, der dei normalt har samlingsplass kvar fredag. Her vert det servert ukrainsk mat, ukrainske folkedraktar og ukrainsk sang. Ordføraren med familie deltek.