Leirvikstova  flittig i bruk

Medlemer i bygdekvinnelaget står for middagsserveringa i Leirvikstova tysdagane. (Foto: Privat)

Pensjonistlaget  i Stord var i mange år aktiv pådrivar for ein møtesstad sentralt i byen. Heilt som det skulle vera at laget  i rein glede om nyvinninga, spanderte «hvit dame» då Leirvikstova kunne opnast på Bandadalsplassen i fjor haust .  Lokalet er blitt ein innertiar for mangslungen aktivitet, fortel Margunn Vassdal som gjennom Frivilligsentralen koordinerer bruken av  stova. 

– Det skjer noko kvar vekedag. Gla’dans måndagane, Middag for ein hyggjeleg pris tysdag, og her kan det vera opp til 30 som kjem innom. Onsdag er det sjakk, tordag diverse møte – mellom annan for  Pensjonistforbundet, som det no heiter. Ei trimgruppe er innom eit par gonger i veka,  mental helse skipar til treff, flykningar til Stord treffest fredagen og  laurdagen er det forskjellege lag som skipar til kafe.

Søndagane  er det brettspelarane som sit kring borda i rommet som er svært så fleksibelt i bruk.

– Eit veldig positivt tilbod, seier Vassdal.

Ho og alle brukarar av Leirvikstova er glade for at det budsjettmessig laga seg med midlar til drifta i det komande året.

Elevar frå Kulturskulen serverte musikk til middagen tysdag denne veka. (Foto: Privat)