Knudsen ny leiar i turlaget

Gerda Øen takkar for seg og overlet leiarvervet i Stord Fitjar turlag til Tom Knudsen. (Foto: Stord-Fitjar turlag)

Tysdag var det årsmøte i Stord-Fitjar turlag. Eit av punkta på agendaen var val av ny leiar. Tom Knudsen tek over roret etter Gerda Øen.

Øen har hatt vervet dei siste 9 åra og har gjort ein formidabel jobb. På hennar «vakt» har det vore ei markant auke i medlemstal (800 til 1380 medlemmer) og ho har vore ei drivkraft bak bygging av sherpatrappene, Tårnet og hytta på Stovegolvet. Ho har òg vore ein av pådrivarane for oppstart og gjennomføring av Stord Topp 8.

Øen vart takka for innsatsen med ståande applaus frå eit samla årsmøte.