Laurdag 18. februar feira 1. Leivik Speidargruppe 110 år. Eit svært kjekt arrangement i Grimsåsen med gjenoppfriskning av speidarloven og songar, bål, underhaldning, mat og åresal. Den store lavoen var fullstappa med speidarar og deira familiar. Ni «gamlespeidarar» frå 1950 talet fekk også delta og sette stor pris på det.
Me er imponerte over stor og god aktivitet og dyktige leiarar i dagens Speidargruppe med speidarlegenden Helga Kroka og gruppeleiar Kristoffer Spissøy i spissen. Så ønskjer me gruppa det beste framover.
Med speidarhelsing
Øyvind Nitter, Hans Andersen, Bjørn Angell Bergh, Rolf Johannessen, Jan Dagfin Vik, Sigurd Kårevik, Johannes Belsvik, Sverre Bore og Jonas Meyer Eldøy