Stord Fitjar Demensforening sin invitasjon til det månadlege Kafétreffet i storstova på Sjukeheimen, femner vidt. Torsdag 23- februar, i morgon, er det nytt treff og velkomne er alle som er råka av demens – og deira pårørande unge som eldre – og dei som kjenner på vanskar med hugsing.
På ettermiddagstreffet i Hauglandstovo blir litt informasjon å henta, det blir musikk å lytta til frå trioen Vika – Mussland – Størksen. Kaker og kaffi blir servert og det blir ei triveleg økt loddsal med trekking.
Mellom 70 og 90 personar plar møta på demensforningen sine opne treff.