– Fylkeskommunen har ansvaret

Trong for vedlikehald av støyveggen langs Verftsvegen. (Foto: Steinar Hystad)

– Det er etter mitt syn Vestland fylkeskommune som veghaldar på Verftsvegen som har det fulle ansvaret for  støyveggen, skriv Harald Oddvar Sæbø i ein epost til stordront.no. Sæbø gjekk i haust av etter mange år som vegmynde i Stord kommune. Han skriv vidare:

– Dette er fastsett i forskrift frå Miljøverndepartementet med heimel i forurensningslova §§ 9 og 51. Vestland fylkeskommune er ansvarleg for at støyen frå trafikken ikkje overstig fastsette grenser og at støyveggen vert vedlikehalde og ikkje framstår skjemmende. På  den fylkekommunale Kjøtteinsvegen vis a vis Sørli sin tidlegare butikk er det og ein støyvegg kor same reglar gjeld.