«Fullt hus» i begge lagerbygga på Vabakken Vest

Alle dei til saman 20 seksjonane i dei nyoppførte lagerbygga på Vabakkjen Vest er seld.

– Alle dei 20 seksjonane i dei to seksjonsbygga me har sett opp på Vabakkjen Vest er no seld. Det melder dagleg leiar i Fronta-gruppen, Kurt Arne Tyse, til stordront.no.

Det er lokale handverkarar som har vore om seg og sikra seg plass i dei svært sentraltliggjande bygga.

– Kvar seksjon er 70 rutemeter, har god takhøgd og er såleis svært høvelege til både lager og verkstad, fortel Tyse.

At alle seksjonane vart rivne bort såpass kjapt kan tyde på at behovet for slike seksjonsbygg er stort.