Lovar  flott Fest i Vest  siste helga i juni

Skjermdump, festivest.no

23. juni – 24. juni 2023 ønskjer stiftinga Fest i Vest for sjette gong å fylla  Sagvåg sentrum med aktivitetar for  store og små, går det fram av sponsorsøknad sendt m.a. Stord kommune.

Her blir det minna om at  Stiftinga Fest i Vest vart grunnlagt i 2017 av idrettslaget Solid, Sagvåg Skulekorps, Sagvågen Kystlag, Sagvåg Bygdalag og Sagvåg Forum. Føremålet  er gjennom eit folkelege fest-arrangement å styrkja samhandling, identiteten og tilhøyrsle til Sagvågs-bygda saman med alle gode krefter på Stord.

Fest i Vest 2023 vil tilby aktivitetar for alle. Messeområdet opnar på fredag med salsboder og mykje folkeliv i Sagvåg. Frå kl 19.00 vert det  god musikk frå den store festival-scenen  i idylliske Skiparvik. Laurdag opnar messeområdet kl.10.00, og vidare vert det stort barneshow i Skiparvik frå kl. 13.00 med skikkeleg Sjørøvar-gøy.  Dette er blitt ein fantastisk tradisjon! Me håpar i år som tidlegare å få på plass Elias-båten frå NRS. Saman med ein lokal Elias-båt vil denne ta ungane ut i hamnebassenget i trygge og gode forhold. Grunna barne-arrangementet, vil Fest i Vest vera eit alkohol-fritt arrangement fram til kl. 16.00 på laurdag. kl.19.00 startar så laurdags-showet opp med stormande jubel på festivalplassen i Sagvåg.

Kva for musikalske godbitar publikum har i vente, blir publisert litt etter litt utetter våren, opplyser arrangøren.