Bil med på ferja på strekningane Jektavik-Nordhuglo, Hodnanes – Nordhuglo og Sandvikvåg-Husavik vart i sommar gratis. Ved inngangen til eit nytt år, fell det då naturleg å spørja om den gustige ordninga skal halda fram?
– Me har ikkje høyrt noko anna, det blir som det er på det området, seier Tor Kristoffersen i Fjord1
– Merka selskapet nokon oppsving i tal bilar på sambanda etter at gratisbilletten kom?
– Då me gjorde ei undersøking tidlegare i haust, var det ikkje registrert markerte endring i reisemønsteret. Det kan det kanskje bli meit av når me kjem til hausten i det komande året, når det blir innført gratis bilfrakt på nokre nye strekningar. Førebels er det uvisst kva samband dette gjeld, seier Kristoffersen til stordront.no