Spør om effekt av revidert forskrift vass- og avløpsgebyr

(Ill.foto Steinar Hystad)

– Me har fått ulike tilbakemeldingar frå abonnementar på den nye forskrifta for vass- og avløpsgebyr som vart sett i verk frå 01.01.23. Eit av formåla med revidering var å få til ei meir rettferdig fordeling av kostnadane i forhold til antatt forbruk. Det er fortsatt tidleg å trekke konklusjonar,  men vonar de kan oppsumera litt rundt erfaringar så langt.

Dette skriv Inga Lothe innleiingsvis når ho kjem med spørsmål til  marsmøtet i Utval for plan og utvikling (PUT).  Dei fire spørsmåla Lothe stillere lyd slik:

  • Revidering av forskrifta medførte at dei med 2 bueiningar fekk auke i gebyra (gebyr for 2 mot tidlegare 1). Vart det, forutan høyring, informert ut om dette i forkant?
  • Kva har tekniske tenester fått av tilbakemeldingar og spørsmål? Er det mange som no vel å få installert vassmålar? Er det søknadar inne om å få omgjort 2 bueiningar til 1?
  • Korleis vart fordelinga av gebyr 2023 samanlikna med simuleringa som låg til grunn i saksbehandlinga?
  • Kva råd/tips gir ein til dei som har 2 bueiningar men ikkje driv utleige (har inntekter til dekning av kostnader), og dei som er få i husholdninga men har store boligar (kvm)?