Mykje spennande for unge elevar på Maritimt Museum

Film og friminutt (Foto: Gunnar Bjørk)

Torsdag 15. februar vitja 44 elvar frå 3. klassetrinn på Hystad skule maritime museum. Etter ein lang spasertur frå Hystad skule var det godt å koma inn i eit varmt rom. Medan elevane fekk sjå film frå Leirvik hamn, nytta dei høve til å eta nistepakken sin.

Når timeplanen inneheld maritimt fag, er det naturleg å vitja maritimt museum. Ord som oppdrift, framdrift, segl, motor, propell og andre maritime ord kan visualiserast her. Mykje å sjå, mykje å undra seg over – ein fin dag litt bort frå den vanlege skuledagen.

Egil køyrer motor. (Foto: Gunnar Bjørk)

Det var eit gildt besøk. Aktive og spørjande born som hadde like mykje å fortelja til oss, som me hadde til dei. Me som var vertar gjekk heim i godt humør, og det håpar me at elevane og deira følgje var då dei kom heim til sine! Velkomne tilbake!

Gunnar B.

– Takk for besøket. God tur heim! (Foto: Gunnar Bjørk)