Det ruska godt i den nordvestlege stormen i Langenuen fredag. I eit av dei heftigaste vindkasta brotna kjettingen som held ein av flytekaiane i Huglo Båtlag si hamn på plass. Kaien kom på rek mot farleia til ferja og frå brua vart det sendt ut melding om at turar til/frå Nordhuglo måtte kansellerast fram til flytekaien igjen hadde fått landfeste. Frå 17,35 var ferja i normal rutefart.
Når huglarane vart observante på kva som hadde skjedd, gjekk det ettermåten kvikt å mønstra arbeidsvillige hender, traktor og båt til å få flytekaien inn att. Like heil, det same som båtane som låg i båsane sine. Ikkje ei skramme.
Dei to flytekaiane i Nordhuglo småbåthamn, er begge sette saman av tre at meter lang seksjonar, totalt 54 meter lange.