Nysæter ungdomsskule offisielt opna

Ordførar Gaute S. Epland klipper snora og opnar nye Nysæter ungdomsskule kultur og idrettspark. Elev Mads Eriksen og Leif Ottar Heimro frå IL Solid held snora. Foto: Haldis Lauksund

Tysdag 14.02.23 var det offisiell opning av Nysæter ungdomsskule kultur og idrettspark. Her kan du lesa kva Stord kommune skriv om opninga på sine nettsider,

Ordførar Gaute Straume Epland opna Nysæter ungdomsskule og omtala skulen som det flottaste prosjektet i Stord kommune.

– Eg har hatt mange store dagar og store opplevingar som ordførar på Stord. Dette er definitivt ein av dei aller største. I dag opnar me nye Nysæter ungdomsskule og kultur og idrettspark. Det som er det største og – det trur eg alle vil vera einig i – det flottaste prosjektet me har bygd nokon gong i Stord kommune. Så dette er ei stor dag for meg som ordførar. Ein stor dag for kommunen. Og ein stor dag for innbyggjarane våre. Tusen takk til dåke som er her for at dåke vil vera med og feira denne dagen. Og hjarteleg velkommen til dåke alle. Både dåke som har vore med i byggeprosessen. Dåke som skal bruka bygget. Og gjester frå kommunen og nabokommunane våre, sa ordføraren. 

Det var mange som hadde grunn til å vera stolte over nye Nysæter skule då den vart offisielt opna. Mange har bidratt til at ungdomsskulen, som har plass til 270 elevar, og har 25 meters basseng, fleirbrukshall og snart klatrehall m.m.